onsdag 11. februar 2009

Bokmelding Hobbiten


Tittel: Hobbiten

Forfattar: J.R.R. Tolkien

Sjanger: Fantasi / Eventyr

Sidetal: 283

Forlag: Tida Norsk Forlag

Først utgitt: 1970


Det heile startar med det kjente Tolkien ordet ”i et hull i bakken budde det ein Hobbit” Boka tar oss tilbake til Midgard i tredje tideverv, lettare sagt Tolkiens fantasi verden. Hovudpersonen er ein Hobbit ved namn Bilbo Lommelun. Han og alle andre Hobbitar er små personar som bur i hull i bakken. Ikkje møkkete hull, men rene og flotte hus under bakken. Dei bur i Midgard saman med alle dei andre fantasiskapningane tel Tolkien.


Historia startar med at Bilbo Lommelun får uventa besøk på morgonen av trollmannen Gandalf. Han er ein gammal venn av Bilbo og spør om han vil vera med på eit eventyr. Etter mye om og men blir Bilbo med saman med tretten dvergar.


Dei drar for å finna draga Smaug som har utsletta mange dvergebyar og tatt alle skattane deira til seg sjølv. Fjellet der smaug lever ligger langt borte og det er dit dei har tenkt seg. Deretter begynner eventyret, Bilbo og dvergane drar for å finne skatten og bygge opp igjen byen. På veien møter dei mange farar, blant anna menneskeetande troll, Edderkoppar, Tusser og ulvar. I et fjell på veia finner Bilbo en ring som viser seg å være magisk, når han tar den på blir han usynelig. Denne ringen er hovudringen i trilogien Ringenes Herre.


Dette er ei kjempespennande bok og eventyret er helt magisk. Tolkien skildrar miljøet som får lesaren til å sjå det for seg på ein unik måte. Når ein begynnar å lese er det heilt umulig å legge den frå seg. Tolkien skriver enkelt og det er flyt i språket som gjør det lett å lese.


Dei første kapitla kan verke litt kjedelige for noen , men spenninga er på topp heile tida frå dei drar på ferda tel dei kommer heim.


Dette er en heilt super bok å lese før du gir deg ut på Ringenes Herre og Silmarilion. Og Du set igjen med den gode følelsen etter du har lest boka og når du leser Dei andre bøkane.


Boka er ein eventyr bok som eg anbefala sterkt for ungdom som liker Fantasi og eventyr. Boken egner seg best for eventyrlystne gutar.
Av Simen Aas Snekkerhaugen

Ingen kommentarer: